Får bruke folkehøgskulen til konfirmasjon

Selskap: Møre folkehøgskule kan framleis leige ut lokale til selskap, berre smittevernreglane vert følgde.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Møre folkehøgskule har eit av dei strengaste smittevernregima i området. Likevel er det ingenting i vegen for at lokale vert leigt ut til konfirmasjonsselskap.

Dette kjem fram i ein korrespondanse mellom kommunen og folkehøgskulen.

Ein tilset hos folkehøgskulen ynskjer å leige lokale på skulen til eit konfirmasjonsselskap.

Det vert lova frå folkehøgskulen si side at smittevernreglane skal følgjast, og det vil ikkje vere kontakt mellom deltakarane i selskapet og elevane ved skulen.

For kommunen er dette heilt greitt, berre smittevernreglane vert følgde.

– De må hugse på å vaske kontaktpunkt godt (for eksempel dørhandtak, lysbrytarar, kraner osv.).

Ansvarleg arrangør må føre liste over alle deltakarar med kontaktinformasjon. Det betyr liste som inneheld namn på alle gjestar med telefonnummer. Denne lista skal oppbevarast i minst 10 dagar. Dette er viktig for smittesporingsarbeidet dersom det skulle oppstå smitte.