Feiing berre ved utvendig tilkomst

– Vi går ikkje inn i hus grunna smittefare

Koronarestriksjonar gjeld og for feietenesta. Eit av tiltaka som er innført er at feiarane ikkje går inn i bustadar.

Feiing: Feiar Aret Engjaberg ute på oppdrag. Grunna koronarestriksjonar vert det berre utført feiing ved utvendig tilkomst i tida framover.  Foto: Joachim Åsebø

Vi går ikkje inn i hus grunna smittefare

Aret Engjaberg
Nyheiter

Fram mot jul er det mange som vil få besøk av den kommunale feietenesta, men restriksjonar gjer at enkelte ikkje vil få besøk. Grunna koronapandemien går ikkje feiarane inn i bustadane til folk.

– Det vert difor berre utført feiing der det er utvendig feietilkomst, opplyser brannsjef Thomas Winther Leira.

Dei som får besøk av feiarane får delt ut informasjon.

– For å hindre spreiing av koronaviruset er det viktig at alle i husstanden held god avstand til feiar.

Sidan feiar ikkje går inn i bustadar er det viktig at dei som har fått det feia tar ut sot sjølv, opplyser kommunen.

– Vi oppmodar folk også å følgje med litt sjølve sidan feiar no ikkje går inn bustaden. Dette handlar om å sjå at det ikkje er riss eller sprekker i skorstein. I tillegg er viktig å fyre med tørr ved, seier Winther Leira.

Området frå Øye til Åmdalen vert det no jobba i. Feiar Aret Engjaberg var på jobb i Åmdalen onsdag morgon.

– Huseigarar får beskjed om å halde god avstand og det gjer vi og. Vi går ikkje inn i hus grunna smittefare. Kor lenge dette vil vare veit vi ikkje, men folk må vere tolmodige, seier Engjaberg.

Som tidlegare vert det lagt ut melding om at feiaren kjem dagen før.

– Feiinga går som normalt sett vekk frå at dei som har innvendig tilkomst inntil vidare ikkje får besøk.

Kommunen opplyser og at det ikkje vert utført tilsyn med fyringsanlegg då dette ikkje kan gjennomførast utan å gå inn i bustadane.