Eurospar har bygd om heile butikken

– Kundane fortener ei enklare handlerunde

Eit omfattande ombyggingsarbeid har blitt gjennomført for Eurospar i Ørsta. No ser tilsette og eigarar fram til å vise resultatet for kundane.

Ombygging: Butikksjef Aud Kirsti Osborg ser fram til å opne dørene til ein ny butikk torsdag. 

Nyheiter

– Heile butikken har blitt ombygt. Resultatet blir bra både for oss tilsette og kundane. Gjennom dei siste månadane har kundane vore tolmodige. No vil vi vise fram ein fin butikk, seier butikksjef Aud Kirsti Osborg ved Eurospar Ørsta.