66 ungdomsskuleelevar klare for ein aktiv haust

8. klassingane som har valt Frisk og rask ved Ørsta ungdomsskule er klare for ein aktiv haust. 

Nyheiter

8.-klassingane som har valt Frisk og rask som valfag er no utstyrte med nye tursekkar og drikkeflasker. Elevane er klare for eit aktivt skuleår.

Elevane som vel valfaget Frisk og rask er mykje på tur, og ifølgje både elevar og lærarar har dei det kjekt. Valfaget vart starta opp ved Ørsta ungdomsskule for sju år sidan, og har blitt det mest populære valfaget ved skulen. Til saman er det rundt 150 elevar som har valfaget fordelt på dei tre årsstega. I år er 66 8. klassingar som har valfaget.

66. 8. klassingar fekk fredag delt ut tursekkar og drikkeflasker frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. 

I løpet av skuleåret er valfagselevane mykje i aktivitet, og dei får mellom anna vere med elvevandring, turar, fisking, padling, sykling, fjellturar, klatring og skiaktivitetar når det er forhold til det. Både sykkelparken og skiparken til skulen vert flittig brukt av Frisk og rask-gjengen. I løpet av ei skuleveke har elevane to timar med valfag.

Sidan oppstarten av Frisk og rask har Sparebank 1 Søre Sunnmøre gitt tursekkar til elevane. I år vart det og gitt drikkeflasker. 8.-klassingane møtte fredag opp i Vikegata for utdeling.

-Vi gjer dette fordi vi meiner det er viktig at barn og unge er i fysisk akivitet. Ungdomsskulen har løyst dette på ein veldig fin måte, sa Lillian Foldal i banken som saman med Lillian Hellebust stod for utdelinga.

Utdelinga av sekkar og drikkeflasker skjedde i Vikegata fredag.