Hjortejakta startar komande veke

– Vi ber om at desse dyra ikkje vert skotne

Hjort som er ein del av merkeprosjektet skal ikkje skytast. Den oppmodinga kjem frå landbrukskontoret i Volda og Ørsta. 

Nyheiter

Hjortejakta startar 1. september. I Volda og Ørsta vart det starta opp eit merkeprosjekt for hjort vinteren 2020.

– Det er merka 4 hjortar i Ørsta og 1 hjort i Volda. Merkeprosjektet skal sjå på hjorten sin arealbruk, og innsamla datamateriale vil få stor nytteverdi for både lokal forvaltning og forsking, seier Peder Magnussen ved landbrukskontoret i ei pressemelding.

I løpet av fire år skal totalt 60 dyr merkast. 20–30 av desse dyra er i Volda og Ørsta.

– Merkeperioden er frå 1. januar til 1. april. Kvart dyr skal fylgjast i 2 år. Dyra som er merka har klave med GPS rundt halsen og eit øyremerke med nummer på. I Ørsta og Volda er det hittil berre merka vaksne koller. Vi ber om at desse dyra ikkje vert skotne, då det er relativt kostbart å merke eit dyr.

Magnussen opplyser at hjortestammen lokalt har auka dei siste åra. Dei kommunale bestandsmåla har som målsetjing å redusere hjortestamma, men det har dei ikkje lukkast med.

– Det vert sett nye fellingsrekordar, til saman 1813 felte hjort i Volda og Ørsta i 2019. Mange gardbrukarar slit med store beiteskadar på dyrkamark og ungskogen. Dei siste hjorteteljingane utført 18. april og 2. mai. 2020 var rekordhøge. Ein stor hjortestamme er også uheldig då kroppsvekt og kondisjon på hjorten går ned, og faren for sjukdomsspreiing aukar.

I 2020 er fellingsløyva auka med 30 prosent til vald med over 50 prosent fellingsprosent.

– Maks tildeling er 200 dekar teljande areal pr. løyve, som er det meste kommunane kan fråvike minstearealet med. Minstearealet i begge kommunane er 400 da. Dei fleste valda har dermed fått auka kvotane i 2020, og det er bedd om at desse ekstraløyva vert delt ut til jaktfelt som fyller kvotane. For å stimulere til eit auka uttak av kalv er det fritak for fellingsavgift for kalv i 2020.