Stadig fleire elsyklar på vegane i Volda og Ørsta

– Elsykkelen har i aller høgste grad innfridd forventningane

I staden for å kjøpe bil nummer to vel stadig fleire å gå til innkjøp av elsykkel. Øystein Hjertvik Urke (34) er ein av dei som bruker elsykkel for å kome seg på jobb i Volda.

Framkomstmiddel: Øystein Hjertvik Urke (34) nyttar elsykkelen til og frå jobb heile året. – Elsykkelen har i aller høgste grad innfridd forventningane, seier seksjonsleiaren i aktuttavdelinga ved Volda sjukehus. 

Nyheiter

– Sommar og vinter nyttar eg elsykkelen til og frå jobben ved Volda sjukehus. No er det herleg å bruke sykkelen, men om vinteren er det litt meir tiltak, seier Urke som er seksjonsleiar ved akuttmottaket.