190 industritilsette i Volda og Ørsta kan takast ut i streik

– Vi er klare til å streike

– Akkurat no er det heilt stilt. Vi veit ikkje noko og ventar på beskjed frå meklinga.

Klare til å streike: Klubbleiar Jan Torgeir Hovden ved VikØrsta seier at rundt 110 tilsette er klare til å gå ut i streik om det ikkje vert semje mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. 

Nyheiter

Det seier klubbleiar Jan Torgeir Hovden ved VikØrsta. Sist søndag vart det brot i den frivillige frontfagsmeklinga. Sidan måndag har det vore tvungen mekling mellom partane i Fellesforbundet og Norsk Industri. Det er frontfagsoppgjeret partane no meklar om. I tillegg er det mekling mellom Parat og Norsk Industri. På landsbasis kan 27.000 arbeidstakarar bli tatt ut i streik. Lokalt er det tilsette ved VikØrsta, Brunvoll Volda og AS Konfeksjonsindustri som står klare til å gå ut i streik om partane ikkje vert samde.