Evigheitsmaskinen Grepa

"Berre lyspæra er skifta i løpet av 50 år"

– Produkta frå Ørsta heldt tydelegvis ein svært høg kvalitet. På femti år er det berre lyspæra på Grepa-komfyren eg har måtta skifte.

- Er han ikkje fin vel? Spør Inger Fagerhol, her med Grepa-komfyren frå november 1969.  Foto: Svein Nordal

Om samlarar eller andre vil ha ein unik komfyr, er det berre å ta kontakt

Inger Fagerhol
Nyheiter

Det fortel Inger Faghol (91), som frå 1953 til i år budde Lunden i Fagerholen i Hovdebygda. Og i femti av desse åra har ho hatt same komfyren, ein solid Grepa-komfyr. Og alt er originalt – frå kokeplatene ned til dei minste komponentar, klokka, og så vidare. Lyspærene er naturleg nok skifta, som ho fortel.