– Barnehagen på Hjørundfjordheimen er ei solskinshistorie

– Dette er ei solskins- historie. Vi har no plass til alle borna i Hjørundfjord i barnehage på Sæbø.

Ny avdeling: Tolv små born har plass i den nye barnehageavdelinga på Hjørundfjordheimen på Sæbø. F.v.: Irene Graskopf i eigedomsavdelinga, kommunedirektør Wenche Solheim, ordførar Stein Aam, styrar Karen Rekkedal og seksjonsleiar Reidun Mo.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det seier ordførar Stein Aam. Han gler seg over at den nye barnehageavdelinga på Sæbø er på plass og i bruk.