Stengjer straumen hos kundar utan automatisk straummålar

Mørenett AS sender ut stengevarsel til 80 kundar som nektar å få installert automatiskstraummålar.

Straummålar.  Foto: svein aam

Nyheiter

- I tillegg har vi 617 kundar vi ikkje kjem i kontakt med, som vil få stengevarsel omikkje lenge, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Bakgrunnen for varselet er NVE sitt krav om at alle straumkundar i Noreg skulle ha målar som sikrar automatisk avlesing frå 1. januar 2019. Mørenett oppmodar kundane som framleis ikkje har ny målar om ta kontakt omgåande, for å unngå stenging og sleppe ekstrakostnader på 2.500 kroner knytt til stenging og opning av anlegget.

Mange forsøk på å kontakte kundane

- I forsyningsområdet vårt er det om lag 66.600 kundar som skal ha automatisk straummålar. Diverre er det framleis 697 kundar som nektar å byte målar, eller som vi ikkje kjem i kontakt med. Vi har gjortfleire forsøk på å byte målar, og å kome i kontakt med kundane, både skriftleg, på telefon, via SMS, epost og direkte oppmøte på adressa til kunden. No har det gått så lang tid at vi ikkje ser anna løysingenn å stengje straumen, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett.

Har lov til å stenge straumen

Det er NVE som har pålagt nettselskapa i Noreg å installere automatisk straummålar hos alle nettkundar. Straummålaren er nettselskapet sin eigedom, og i følgje regelverket er det nettselskapetsom skal bestemme type måleutstyr. Nettselskapet har også ansvar for installasjon, drift og kontrollav straummålaren.

- I følgje nettleigeavtalen, skal nettselskapet ha uhindra tilgang til straummålaren. Når vi blir hindra i å byte til det utstyret styresmaktene har pålagt oss, er det eit vesentleg brot på nettleigeavtalen v ihar inngått med kunden. Både forbrukarkjøpsloven og nettleigeavtalen gir nettselskapa rett til å stanse straumleveransen til kundar som ikkje følgjer avtalen, seier Kiperberg.

Rune Kiperberg er adm.dir. hos Mørenett.  Foto: Arkiv


Dette er automatisk straummålar

Innføringa av nye automatiske straummålarar dei siste åra er eit ledd i naudsynt modernisering og oppgradering av straumnettet, ifølgje Mørenett.

- Dei aller fleste bustader i Noreg har no fått ny straummålar. Dei nye målarane har fleire fordelar, mellom anna at dei automatisk sender avlesinga til oss, noko som gir eit heilt nøyaktig fakturagrunnlag. Statens Strålevern har konkludert med at dei nye straummålarane er heilt trygge og ikkje gir frå seg farleg stråling, heiter det i pressemeldinga.