Preike

Teigen og Paulus

CD-Cover frå 1994: Kva har Paulus og Jahn Teigen til felles? 

Nyheiter

Paulus’ brev til Romarane 8,31-39

Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?

33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36 Som det står skrive:

For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

«Jeg står i mørke og skimter lyset i det fjerne Det er så kaldt jeg søker varme fra en stjerne Jeg tenker opp når jeg er nede for jeg er en Optimist»

Slik går første verset i Jahn Teigen sin «Optimist» frå den norske Grand-prix finalen i 1989. Teigen nådde ikkje heilt opp det året og fekk ikkje representere Norge i den internasjonale finalen. Til gjengjeld har songen overlevd og blitt spelt igjen og igjen og igjen.

Eg trur Teigen treff ein viktig nerve i oss. For det er jo slik livet er. Det er tider der vi står i mørkret og berre skimter lys i det fjerne. Tider då vi treng ei stjerne som kan lyse opp mørkret.

I det tredje verset løfter teigen blikket og får eit større perspektiv:

Jeg har en drøm at vi tar vare på hverandre Og gir det beste i oss selv til alle andre

No er det ikkje berre hans eige mørke han syng om, men draumen om at vi alle skal ta vare på kvarandre. Og Teigen sin konklusjon, den kjenne vi:

Optimist, jeg vet det går bra til sist Så lenge jeg lever her er jeg en Optimist

Takk Jahn Teigen for optimismen, gleden og sangen du gav oss!

Med alle sin ulikskap rører Teigen sin songtekst og Paulus sine ord frå Romarbrevet ved noko av det same. Dette håpet om at alt mørkt og vondt kan og skal overvinnast. Håpet om at det gode skal vinne. Teigen og Paulus hadde nok, på kvar sine måtar opplevd både mørke og mismot, men dei fann likevel ei kraft og eit lys som bragte dei vidare. Hos Teigen har dette lyset ei uklar kjelde. Hos Paulus derimot er kjelda klår og sterk:

For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Det er «Guds kjærleik i Kristus Jesus» som gir Paulus frimod til å stå på. Det er tryggleiken i at denne kjærleiken er større enn alt anna som gjev han tru og håp på notida og framtida.

Takk Paulus for dine gode ord om Guds kjærleik!

God helg!