Lokalt biogassanlegg er eitt av svara

Nyheiter

Svar til Idar Henning Vatne

Idar Henning Vatne har fleire spørsmål til meg i lesarinnlegg i Møre Nytt 28/7, som eg skal prøve å svare på så godt som råd.

Lukt på anlegget på Melsgjerdet: Vi veit ikkje kva krav Fylkesmannen vil sette til eit eventuelt Løyve til Biogassanlegg, men reknar med det blir strengt.

Reglane er i alle fall klare. Vert ikkje løyvet etterlevd, risikerer VØR å miste Løyvet og anlegget må stenge.

Dette er ikkje tome påstandar. Hos eit avfallsanlegg på Nordmøre tidligare i år, vart løyvet til ein privat aktør trekt tilbake. Meldinga frå Fylkesmannen er i klartekst. Løyve med fastsette grenseverdiar for utslepp, skal følgjast.

Teknisk handterer vi det på Melsgjerdet med å etablere tre hallar, luktsluse, lagerhall og lasterampe, med tette portar mellom. I dagleg drift er det planlagt slik. Bil som skal losse matavfall ryggar inn i luktslusa. Ytterporten stengjer, og så går portane inn til losse – lagerhallen opp og bilen kan rygge bak i lagerhallen og tømme. Etter tøming køyrer bilen fram i luktslusa. Porten mellom luktslusa og lagerhallen stengjer. Luktinfisert luft vert dratt ut ved hjelp av vifter og transportert over i luktfilteret. Etter nokre minutt når lufta er skifta ut, går porten opp, og bilen kan forlate luktslusa. Lasterampen er organisert på same måte med eigen hall som får skifta ut lufta etter lasting, før han kan køyre ut. Tak og presenningar på bilane skal leggast på inne i lastehallen, før ein køyrer ut. Ved sidan av lasterampa vert der etablert vaskehall med høve til gjennomkøyring, som gjer at bilane kan vaskast. Lukthandteringa skal gi null utslepp til omgjevnadane.

Lukt frå bilar som køyrer avfall inn til Ørsta: Lukt og væskesig frå lastebilar er det ingen toleranse for på vegane frå vegeigar Statens Vegvesen, og dei kontrollerer stor bilar heile tida. Her omkring passar i tillegg ferjene på. Dei har 0 - toleranse. Ferjeselskapa har ingen interesse av å vaske etter bilar som har rota det til på dekk. Det gir lenger liggetid ved land, og det taper dei tid og pengar på.

Vårt søsterselskap i Molde, RIR, nyttar i dag store plastposar som dei har på innsida av transportskapet på bilane som matavfallet vert lasta opp i. Det hindrar væskesig frå bilane og det hindrar lukt. Dette er ikkje berre HMS-krav frå RIR, men og transportørkrav. Det er ingen sjåfør lenger som tar risikoen med å få køyreforbod når ein vert stoppa av Statens Vegvesen i vekt og last-kontroll.

Husdyrgjødsel som kjem inn lokalt i samband med ev.biogassanlegg, vert henta med eigna tankbilar for slikt formål. Tøming av bil i lagerhall og inn og utkøyring skjer i luktsluse. Kravet er at bilane skal vere reine.

Kva skjer dagleg etter at matavfallet er levert på Melsgjerdet? Matavfallet går igjennom ei maskinell handsaming som fjernar framandlekamar. Deretter går det inn i lukka rør og tankar inklusiv biogassproduksjon.

Alternativ lokalisering i Alida. Kommunane vraka Alida som lokalisering til omlasteanlegg på 1980 talet, og valde Hovdebygda. Truleg av same grunn som VØR kom til i 2007, då vi vurderte Alida fordi vi såg at vi mangla areal. Alida er ikkje sikkert for verken steinskred eller steinsprang og ingen får lov å etablere faste heilårs arbeidsplassar på slike stadar.

Å finne regulert areal som er sentralt, som ikkje er dyrka jordbruksareal, som er skred og flaumsikkert, er frigjort til utbyggingsformål via reguleringsplan, med 30 daa på ei flate, er ikkje berre enkelt. Melsgjerdet har eit slikt areal, og VØR fekk det tildelt i 2015 med skriftleg avtale mellom dåverande ordførar i Ørsta og dåverande Styreleiar i VØR. Sidan har VØR nytta tida for å få nødvendige løyve og få arealet byggeklart. Kommunen på si side har oppdatert reguleringsplanen for området og etablert bru, planert og laga byggeklart 20 daa, etablert veg og lagt fram vatn, kloakk, rør for tele og straum.

Vegen på Mo og Brekke

Den faglege vurderinga om vegane toler auke av tungtrafikk med 20 lastebilar til og frå pr. dag, gjer Statens Vegvesen. Dei har ikkje hatt merknader til den auka transporten, det eg kjenner til.

Etablering av gang og sykkelveg framover Mo, er ei politisk sak som Ørsta kommunestyre må prioritere og få gjennomslag for hos Møre og Romsdal Fylkeskommune, eller forskotere mot tilbakebetaling frå Fylket. VØR synes sjølvsagt at det er veldig bra om her kjem gang og sykkelveg.

Renovasjonsgebyr

Poenget med å bygge biogassanlegg i regionen er å redusere avfallstransport og klimautslepp monaleg, skape lokal verdiskaping og halde renovasjonsgebyret nede. Eg har ved fleire høve opplyst i kommunestyra i Volda og Ørsta, at VØR sitt mål, er at renovasjonsgebyret ikkje skal stige som følgje av etableringa. Det standpunktet står vi i VØR fortsatt på. Å spare omlastingsarbeidet av avfall og ha kort køyring til slutthandsaming representera sparte økonomiske kostnader for oss.

VØR har i 2020 eit renovasjonsgebyr som ligg 7 % under landsgjennomsnittet og 15 % under gjennomsnittet av nabokommunane våre. Dette resultatet har ikkje minst kome fordi vi har lukkast med å gjere rette grep i forkant av utviklinga, tenkt utradisjonelt og ikkje låst oss til historisk tankegods. «Sånn har vi alltid gjort det her.» Eksport av avfall til Sverige fordi det har spart oss for kostnader, er eit slikt eksempel. Men no gjeld ikkje det stort lenger.

I den statlege planen Klimakur 2030, legg regjeringa opp til å fase gradvis ut dei økonomiske fordelane med eksport av avfall, ved bruk av ulike avgifter.

VØR har lært seg til å lytte til det som kjem frå Regjering og Storting, fordi ting etter kvart syner seg å verte slik dei vedtek. Ny nasjonal politikk inneber at vi må gjere nye val. Tilpasse oss ei ny tid, eller fortsette som før og godta høgre kostnader og renovasjonsgebyr.

Å få på plass eit lokalt biogassanlegg som driv på kortreiste råvarer, er eit av svara no. Det er i tråd med Regjering og Storting sin politikk. Det er særs bra for klima og miljø og eit ledd i å halde renovasjonsgebyra nede også i framtida.