Skog må ryddast på sikt

Det er i ferd med å vekse opp skog bak fonnvernet på Engeset. På sikt bør denne ryddast.

Fonnvern: Skogen som har vakse opp bak kjeglene på Engeset, utgjer førebels inga svekking av fonnvernet. 

Nyheiter

Det kjem fram i eit notat frå assisterande rådmann Eldar Rune Øye i Ørsta kommune.

Det er varaordførar Karen Høydal som har teke opp spørsmålet. Ho har sett at det dei siste åra har vakse opp spesielt oreskog i området.

– Spørsmålet er om denne skogen kan redusere effekten til kjeglene og vollane som utgjer sjølve vernet. Yngve Midttun i NVE si vurdering er at denne typen skog truleg ikkje har ein negativ innverknad på fonnvernet sin funksjon, kommenterer Øye.

Han viser til at eldre og stor skog vil kunne ha ei skadepotensiale, om den vert transportert med eit ras.

– Men relativt ung oreskog, som her, kan heller ha ein positiv effekt, seier Øye.

Han fortel i notatet at saka vil verte følgt opp frå NVE si side.

– Dette tilseier at kommunen bør lage ein plan for skoging på sikt, før skogen får ein storleik som kan representere ein fare. seier Øye.