Ferjekaos på Sæbø

Laurdag føremiddag var det stor kø med bilar som skulle vere med ferja til Leknes. Mange måtte vente i over ein og ein halv time.

Det var ei lang ferjekø på Sæbø laurdag føremiddag.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Årsaka til kaoset er at ei av dei to ferjene som trafikkerer Hjørundfjorden, er teken ut av drift.

Fjord1 melde fredag kveld at bilferja "Eid" vart teken ut av drift grunna tekniske problem. Då vart det sett inn skyssbåt i sambandet Sæbø - Leknes.

"Eid" trafikkerer sambandet Sæbø - Leknes, medan "Dalsfjord" trafikkerer Standal, Trandal, Sæbø og Skår.

Laurdag morgon melde Fjord1 på sine heimesider at "Eid" var teken ut av drift, og at selskapet gjekk tilbake til dei gamle ferjerutene med ei ferje som trafikkerer alle ferjekaiene i fjorden.

Dermed gjekk ferja frå Sæbø 08.45, og alle dei som trudde dei skulle ta ferja kl. 09.00 frå Sæbø kom for seint.

Full ferje.  Foto: Rune Sæbønes


Og i og med at ferja då gjekk til Trandal og Standal, og ikkje i skytteltrafikk mellom Sæbø og Leknes, danna det seg stor kø. Neste avgang vart ikkje før 10.30.

Det var ekstra mange som skulle med ferja laurdag føremiddag. Det gode veret lokka mange til å prøve seg på Saksa, Slogen eller Urkeegga og i tillegg er det arrangement på Urke og på Skår.