Juni var unormal varm, medan juli vart våt:

– Vi har fått mykje meir nedbør enn vi skulle ha fått

– Normalt skal det ha kome 968 mm med nedbør ut juli månad, men i år er totalen 1730 mm.

Bading: I juni var det mange som nytta høve til å kjøle seg ned i vatn og sjøen. Snittempraturen frå målingane til Arild Stokke viser 17 grader for juni. Fem grader over normalen. Foto: Rune Sæbønes/Arkiv 

Nyheiter

Det seier Arild Stokke. I Ørsta held han oppsyn med nedbør og temperatur, i tillegg til at han har oversikt over dei offisielle vêrmålingane mange tiår tilbake i tid. Dei tre siste månadane har det vore ekstreme skilnader frå nærast vinter i mai til ein rekordvarm juni. I tillegg har det kome usedvanleg mykje nedbør.