Branntilløp på Sæbø

Nyheiter

110 Møre og Romsdal melder om eit branntilløp på Sæbø.

Det var i eit bufellesskap på Sæbø det vart meldt om brann. Brannverna på Sæbø og i Ørsta vart kalla ut. Brannvernet på Sæbø var fyrst på staden, og fekk avklart situasjonen. Det viste seg å vere eit mindre branntilløp på eit kjøkken i samband med matlaging.

Brannmannskapa frå Ørsta kunne avbryte utrykkinga..