Landsskyttarstemnet på heimebane

Årets landsskyttarstemne skulle etter planen arrangerast på Elverum i august, men vart korona-avlyst. I staden vert alle landets 830 skyttarlag inviterte til å arrangere heimebane-konkurranser.

Landsskyttarstemnet skal fordelast på kanskje over 800 skytebaner, og varer i elleve døgn.  Foto: Det Frivillige Skyttervesen.

Nyheiter

Dette skal skje frå 1. august og fram til 11. august, og målet er at det skal bli like mange deltakarar som på eit normalt landsskyttarstemne. Og det vil seie rundt fem tusen deltakarar frå ti til nitti år.

- Ideen om eit “Heime-LS” vart planta då vi forsiktig kunne opne opp for trening og konkurransar på skytebanene våre i juni. Dette gjer vi for å få i gang kjerneaktiviteten i skyttarlaga i landet, ved at alle vert inviterte til ei felles skytekonkurranse på si eiga heimebane, fortel kommunikasjonssjef Terje Vestvik i Det frivillige Skyttervesen.

Han fortel at responsen på opplegget hittil har vore overveldande, og mange skyttarlag planlegg sosiale samkomer i tillegg til skytinga. Og smittevernreglane skal sjølvsagt følgjast til punkt og prikke.

Og i år vert det ikkje kåra skyttarkonge eller skyttardronning som på eit vanleg LS. Men dei beste skyttarane rundt omkring får tilbod om plass i «Skytternes mestermøte», som skal sendast direkte på NRK torsdag 13. august.