Bilbransjen tilbake til normalen etter koronanedstenginga

– Vi har selt mykje bruktbilar, men nybilsalet og har tatt seg opp

Dei lokale bilforhandlarane var optimistiske sjølv om koronasituasjonen førte til permitteringar og uvisse. No er dei fleste tilsette tilbake i jobb og salet av bilar, spesielt bruktbilar, er godt.

Toyota Sunnmøre: Ragnar Fjørtoft seier at nybilsalet ikkje heilt er tilbake til normalen, men at aktiviteten har tatt seg opp. 

Nyheiter

– Etter fire veker normaliserte situasjonen seg. Alle er tilbake i jobb og vi har godt bilsal. Bøygen no er at vi har lite lagerbilar. Noreg er tomt for bilar, seier dagleg leiar Kjell Snipsøyr ved Berge & Co i Ørsta.