Helsegransking i Volda brann og redning

Støy har ført til helseproblem for nokre av mannskapa

Volda brann og redning under ein aksjon i fjor.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Stamina Helse har gjennomført helsekontroll på mannskapet til Volda brann og redning, og slår fast at støyeksponering har ført til helseplager for nokre av mannskapa.

«Det bør vere fokus på korleis ein kan optimalisere god støybeskyttelse samtidig som ein ivaretek viktig kommunikasjon mellom kollegaer», skriv Stamina Helse, som meiner bruk av hørselvern og øyreproppar kan vere gode løysingar.

I rapporten peikar ein også på at tilsette er usikre på prosedyrane for bruk av maske ved skjering av bilvindauge. Prosedyrane må her bli klarare, meiner Stamina Helse.

Vidare vert det peika på at det manglar rein og skiten sone på brannstasjonen i Hornindal, men at dette truleg vert løyst når ein byggjer brannstasjon om eit år eller to.

Brannvesenet i Volda kommune har nyleg vore gjennom ein fusjon med Hornindal brannvesen, og Stamina Helse registrerer at dette har gått bra.

«Statistikken viser at det er meget god trivsel i brannvesenet», skriv Stamina Helse i sin rapport.