Naturfestivalen

På tur til Rønneberghola

Liadalsbygda kulturlag arrangerte søndag tur til Rønneberghola som ein del av Naturfestivalen.

  Foto: Ketil Jarl Halse

Nyheiter

Det var ikkje akkurat nokon spasertur dette her, men med røynde fjellfolk i fylgjet hadde ein god hjelp om nokon hadde bruk for det. Ein forholdsvis kort tur- men delvis brattlendt.

Vel framme fekk vi frå turleiaren K. Halse ei detaljert historie om meldestasjonen operasjon «Turid» som vart oppretta på denne leirplassen, Rønneberghola, av motstandsmennene Erling Rønneberg og Karsten Devold

Vi fekk høyre om då stasjonen vart avslørt av tyskarane, og om den dramatikken som utspant seg då tyskarane angreip desse to under 2. verdskrig i Rjåneskamben 20. april 1945. Der bl. anna Rønneberg vart skoten og sterkt skadd. Vi fekk også høyre om historia om ein stor og uredd innsats/hjelp frå lokale motstandsfolk i tida desse to skjulte seg her. Spesielt var Jostein Kleiva, Sverre Flåskjer, og Knut Flåskjer frå Vartdal nemnde.

På Rjånessenteret venta og nokre til at turfylgje dukka opp att til siste post på programmet. Der Ove Røv også var klar for å svare på dei mange spørsmål som vart stilte når det galdt motstandsrørsla generelt i Ørsta, og med sitt kjennskap til Kompani Linge.