Kor mykje vil bosavgifta auke med biogassanlegg?

Kommunestyre-representant Idar Henning Vatne lurer i dette lesarinnlegget på kva det vil koste for folk flest med biogassanlegg på Melsgjerdet.

Idar Henning Vatne.  Foto: Arkiv.

Nyheiter

Biogassanlegg på Melsgjerdet er eit heftig tema om dagen, dette blir bekrefta inne på motstandsgruppa på Facebook. Som folkevald føler eg at vi treng meir informasjon. I MN 10 juli les vi om planane VØR og Petter Bjørdal har, han seier også at dei næraste grannane til eit eventuelt biogassanlegg har protestert og nytta seg av sin demokratiske rett, fått avslag, anka heilt til topps, men ikkje nådd fram, dette kan verke litt arrogant ovanfor sine framtidige naboar på Melsgjerdet. Eit biogassanlegg er ikkje kva som helst og erfaringane rundt om i landet er prega av plager for omgjevnadane, mange tek til orde for at slike anlegg burde ligge langt vekk frå folk. Hovudgrunnen til dette er lukt og skadedyr. På facebookgruppa blir det løfta fram alternative stadar for eit slikt anlegg, som f eks Alida. I mi tid som lokalpolitikar har Melsgjerdet alltid vore omtalt som ny tomt til VØR sidan tomta i Hovdebygda er for lita, området er no langt på veg ferdig og planane for framtida blir lagde. Arealet har VØR behov for uavhengig om det blir biogass eller ikkje slik eg har forstått det.