Fryktar smitte under fadderveka

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK  Foto: Gorm Kallestad

Nyheiter

NPK-NTB: Sjølv om universiteta og høgskulane planlegg koronatiltak og restriksjonar under fadderveka i år, er overlege Preben Aavitsland uroleg for smittefare.

Det seier overlegen ved Folkehelseinstituttet til NRK Dagsnytt.

– Faddervekene er litt skumle, tykkjer eg. Då kjem det ungdom frå heile landet, seier Aavitsland, som stadfestar at Folkehelseinstituttet er uroa for situasjonen.

Om kort tid er fadderveker i gang ved høgskular og universitet over heile landet. Fleire har meldt at årets fadderveke vil bli korta ned til berre éi veke, og at det blir større avgrensingar på kapasitet under arrangement enn tidlegare.