Volda E-sport med Summer Games

– Vi kan trygt seie at dette har vore ein braksuksess

Opplyste ansikt, konsentrasjon, smil, latter og ein sosial samlingsplass. Det summerer opp Volda E-sport sitt Summer Games.

Nøgde: Tobias Mork Bjørgen, Marius Fauske Haavik (bak) og Isak Arneson Lothe (framme) hadde det veldig kjekt då dei besøkte Summer Games for første gong. 

Nyheiter

Lokala til fritidsklubben i Volda, lokalisert i Hamna 20, er fylt av konsentrerte ansikt. Skjermane lyser og maskinparken, som Volda E-sport har fått lånt av Tussaligaen, køyrer i hovudsak Fortnite og CounterStrike. For dei som har levd nokre tiår vert det og lagt merke at Nintendo-klassikaren Contra vert spelt av nokre som ikkje var fødde då spelet vart lansert på slutten av 80-talet.