Lysare og tryggare skulevegar

No kan skuleborn ferdast trygt langs godt belyste vegar i Morkagjølet og Hagevegen.

Fire nye veglys er sett opp i Morkagjølet.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Ørsta kommune fekk for 2020 tildelt trafikktryggingsmidlar frå fylkeskommunen til å setje opp veglys i Morkagjølet. Ønskje om tiltaket var mellom anna spelt inn frå foreldre som hadde skuleborn som sykla gjennom her og vidare langs Bakkevegen når dei skulle til og frå skule. Fire nye veglys vart sett opp i vår og lyser no opp området der det tidlegare var heilt mørkt.

71 veglyspunkt langs Hagevegen har fått nye moderne LED-armatur.  Foto: Ørsta kommune

Langs Hagevegen har det vore gamle armatur med dårleg belysning i fleire år. I juli vart alle veglysarmatur skifta til moderne LED-armatur, til saman 71 punkt. I tillegg til trafikktrygging for dei som nyttar Hagevegen som skuleveg, er utskiftinga til moderne LED-armatur med på å spare drifts- og vedlikehaldskostnader for kommunen i åra framover. I tillegg til Hagevegen vert det i sommar også arbeidd med å oppgradere veglysarmatura langs kommunevegane mellom anna i Grepalia og på Vinjevoll. BKK Enotek AS utfører dette arbeidet for kommunen gjennom den nye driftsavtalen kommunen har inngått med selskapet.

Alle prosjekta er ein del av trafikktryggingsprosjekta som SFU som trafikktryggingsnemnd vedtok i 2019 som skulle prioriterast for utføring i 2020.