Høgskulen i Volda

Framleis ledige studieplassar

Det er ledige studieplassar ved ei rekkje av studia på Høgskulen i Volda.  Foto: Høgskulen i Volda

Nyheiter

Du kan framleis bli student til hausten. Høgskulen i Volda har ledig plass ved ei rekkje studium, og fullstendig oversikt over ledige plassar finn ein på høgskulen si nettside hivolda.no.

Sjølv om det er rekordlange ventelister ved enkelte studium, er det framleis mogleg å sikre seg plass ved Høgskulen i Volda til hausten. Dei studia i Samordna opptak som ikkje er fullteikna, er no opna att for søking. I tillegg har høgskulen ledige studieplassar i det lokale opptaket som gjeld til dømes etter- og vidareutdanningar, mastergrader og enkeltemne.