No skal smittervernet sjekkast på utestadane

Uteplass: Securitas skal sjekke smittevernet på utsestadane.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Securitas, som har avtale med kommunane på Søre Sunnmøre om å ha skjenkjekontroll, skal også kontrollere om utestadane følgjer smittevernreglane.

Det stadfestar assisterande rådmann overfor selskapet.

Når Securitas også skal sjekke smittevernet, skal det spesielt passast på at besøkande og personale skal halde ein meters avstand til personar frå annan husstand og at det er gode rutinar for reinhald og hygiene.

– Det er krav om bordservering ved skjenking av alkohol. Forbodet mot å servere mat som buffé er oppheva, opplyser Øye.

Mattilsynet og Helsedirektoratet har laga råd om servering av mat som buffé.

– Mat, mineralvatn og anna drikke kan serverast som buffé. Men ikkje alkohol, presiserer Øye.