Møre og Romsdal er turfylket

Nær 30.000 personar har registrert seg på tur- konseptet «Stikk ut» i år.

Ut på tur: Nær 30.000 personar har registrert seg på turtenesta «Stikk ut» i år.   Foto: Andrea Sæverud / NPK

Nyheiter

Det skriv NRK.

Det overgår rekordåret 2019, med rundt ein femtedel fleire deltakarar enn på same tid i fjor.

– Det er eit kjempeløft frå i fjor. Friluftsliv har blitt ein hit med koronasituasjonen. I og med at konseptet er så kjent som det er, tyr kanskje mange til det som ein måte å feriere på i eige omland, seier Ola Fremo i Nordmøre og Romsdal friluftsråd til statskanalen.

«Stikk Ut» er ei turteneste for friluftsturar i Møre og Romsdal. I 2020 kan du velje mellom 436 turar i 24 kommunar i fylket.