Inviterer til familiedag på Raudøya

Komande onsdag vert det invitert til familiedag på Raudøya. Det er ein del av Naturfestivalen.

Raudøya: Det vert høve til kajakkpadling under familiedagen på Raudøya. Foto: Frank Velle  Foto: Frank Velle

Nyheiter

– Vi inviterer barnefamiliar, og kvens som helst eigentleg. Det vert lagt opp til aktivitetar, og folk kan også vandre på øya på eiga hand, seier Frank Velle, ein av dei som står bak tiltaket.

Han er lærar ved Ørsta ungdomsskule, og med seg i arrangørstaben har han tidlegare elvar ved Raudøya-skulen.

– Dei skal syte for skytteltrafikk med båt til og frå øya, og elles organisere aktivitetar og leikar, seier Velle.

Det vert høve til kajakk- og kanopadling, fisking og leikar på uteområdet.

– Vêrmeldingane er kanskje ikkje dei beste, men det er fullt mogleg å søkje ly frå dei verte regnbyene i løa eller i naustet, fortel Velle.

Han presiserer at smittevernreglane vert følgt.

– Og dei som kjenner seg sjuke, held seg heime. Er du frisk, er det berre å kome, seier Velle. Folk kan melde seg på arrangementet via Naturfestivalen sine heimesider.

Det vert skytteltrafikk med båt til og frå øya frå kl. 10.00 til 16.00. Avgang til øya er frå småbåthamna på Rjåneset.

Rune Sæbønes