Naturfestivalen

Høyr om Miss Boyd på Vartdal

Naturfestivalen held fram, og tysdag kan folk få høyre om legendariske Miss Boyd på Vartdal.

Tysdag vert det museumsdag på Vartdal. Mellom anna kan folk høyre om legendariske Miss Boyd.  Foto: Privat

Nyheiter

Det er m.a. Brit Aarseth som inviterer til eit besøk ved kaia på Vartdal. Her ligg butikk-, båt- og reiarlagsmuseet – og Miss Boyd museet.

Museet ligg i det gamle, raudmåla funkisstilhuset, «Sjøtun», bygt i 1937.

– Før den tid, i 1899, starta handelen i eit lite stabbur i Andersgarden i Årsetdalen på Vartdal. Seinare vart handelen flytta til kjellaren i bustadhuset på Andersgarden, deretter til «Sjøtun» ved dampskipskaia, fortel Brit Aarseth.

Tysdag ettermiddag vil ho fortelje om korleis ein gammal skips- og landhandel på bygda vart driven gjennom 100 år, frå 1899 og fram til slutten av 1990-talet, og korleis eit fiske- og fangstreiarlag utrusta sine skuter.

– Og det er ei eventyrleg forteljing om «Misså» frå California, då ho på 1930-talet hyra ishavsskuta «Veslekari» på sine ekspedisjonar til Aust-Grønland, fortel Aarseth.

Ho er veldig engasjert i Naturfestivalen, og torsdag ettermiddag tek ho og folka i «Embla, kvinneskipet for fred» med seg folk på pilegrimsvandring frå krossen på Kile til, Vassenden ved Bjørkedalsvatnet. Oppmøte er ved fremste brua på Kile.

– Under turen får me høyre om Heilag Olav som gjekk her på si kristningsferd gjennom landet, og om kong Pibe av Kile som nekta å gi frå seg makta. Vi fylgjer og den gamle postvegen, fortel Aarseth.

Torsdag er det pilegrimsvandring i Bjørkedalen.  Foto: Privat


– Ved Mevatnet finn vi Olavskjelda, her kan vi drikke oss til helsebot. Ta med mat og drikke, vi tek matpausen ved Olavskjelda, fortel Aarseth.

Vegen over krossen er den første av fleire etappar som fører til St. Sunniva på Selja. Påmelding til sjølve turen går gjennom Naturfestivalen.

Fredag inviterer Naturfestivalen til tur med «MS Hindholmen».

«Hindholmen» er eit verna fiskefartøy på 116 fot, det siste i sitt slag. Båten er 104 år i år. Det vert avgang frå kaia ved Grøvik Verk i Liadal kl. 10, og seglasen går vestover gjennom Eiksund-Haddal-Røyra og til Borgarøya i Ulstein.

Styreleiar i stiftinga ms Hindholmen, Kjell Barstad, ønskjer velkommen om bordil tur i Farmannsleia.  Foto: Privat

– Vi vil guide heile vegen utover, fortel Aarseth.

Etter lunsj med brennsnut om bord vert det omvising på det gamle handelshuset og historieforteljing. Båten er tilbake i Liadal kl. 16.00. Det er førehandspåmelding til Naturfestivalen.

Arrangør er Stiftinga ms Hindholmen og Hindholmens venner.