Fråteken førarkortet

Nyheiter

Ein mann i tjueåra har fått inndrege førarkortet. Det var i Volda måndag ettermiddag at politiet kom over mannen. Han er sikta for å ha køyrt i ruspåverka tilstand. Det er teke blodprøve. Bilen hans er avskilta, då det var bruksforbod mot køyretøyet.