Kampen mot forsøpling av fjordane

Felles avfallsplan for småbåthamnene

Ørsta småbåthamn.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Rundt omkring i Ørsta kommune er det i alt 11 privateigde småbåthamner hamner med om lag 680 båtplassar i Ørsta kommune. Til saman produserer desse rikeleg med søppel.

Og sidan forsøpling til havs, strender og fjordar er eit aukande problem, så har småbåthamnene no fått felles avfallsplan. Hamnene skal ha tilstrekkjelege motaksordningar for avfall. For om personar i fritidsbåtar lett og forsvarleg kan kvitte seg med avfall når dei er i hamn, blir ikkje avfallet så lett dumpa i sjøen.

Fylkesmannen ba i 2019 kommunane i Møre og Romsdal sørge for at det blir laga felles avfallsplan for fritids-/småbåthamner i kvar kommune.

Små private brygger og kaier treng normalt ikkje ein avfallsplan, men alle private hamner/fritidsanlegg som leiger ut båtplassar eller har gjesteutleige eller anna service, må ha ein avfallsplan.

Dei fleste hamnene for fritidsbåtar i Ørsta er forholdsvis små. Båtar for dagsturar og fritidsfiske dominerer. Det er også for det meste få gjesteplassar i hamnene.