Utfordrar ørstingane

Kven er på dette flotte gruppeportrettet?

Kven er dei 185 personane på dette biletet, tatt på eit misjonsstemne i Ørsta under krigen?

185 deltakarar og nesten alle er synlege- slik klarer berre ein meisterfotograf. Men kven er dei?  Foto: Martin Velle

Nyheiter

Det er Ragnar H. Albertsen som spør. Han er fotograf og fotoarkivar for Fylkesfotoarkivet for Møre og Romsdal. Albertsen står mellom anna i spissen for å digitalisere arkivet etter fotograf Martin Velle, slik at bileta vert tilgjengelege for ålmenta.