Preike

Gud eller Mammon?

Søndagspreike frå sokneprest Arne Moltubak

Retning: Vindpølsa på Brekkeheida viser den skiftande vindretninga. Foto: May Kristin Bolli 

Nyheiter

Matteus evangelium 6,19-24,19: Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. 20: Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21: For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. 22: Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. 23: Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då! 24: Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Kven vil eg tena? Kven vil eg stå til ansvar for? Kven skal få styre vala mine, tankane mine og handlingane mine? Dette er spørsmål som melder seg når eg les teksta for denne søndagen.

Om du slår opp og les Matteusevangeliet kapittel seks frå starten, vil du sjå at Jesus åtvarar mot å nytte gode gjerningar, bøn og faste som middel for å verte akta godt av andre menneske. I staden ber Jesus tilhøyrarane om å be, faste og gjere gode gjerningar i det skjulte, utan at folk ser det og kan løne dei for det. Då skal heller Gud, som ser i det løynde, gje dei løn.

Slik ser det altså ut til at det ikkje er skattane i seg sjølv som er problemet, men heller kven det er vi let oss styre av. Let vi oss styre av kva andre menneske tenkjer om oss og vala våre? Eller let vi oss styre av Gud og hans kjærleik til verda?

Eg kom til å tenke på to ulike retningsvisarar då eg las denne teksten. Den eine er vindpølsene på fjella som omkransar bygda vår og den andre er kompassnåla. Der vindpølsene snur seg etter vindretninga og viser kva veg vinden bles akkurat no, står kompassnåla fast uansett vind, føre og terreng og viser vegen mot den magnetiske nordpol. Vindpølsene er sjølvsagt veldig viktige for pilotane i Wideroe, men om du skal vite kva veg som er mot nord, vil eg på det sterkaste anbefale kompassnåla.

Litt slik trur eg det er med Gud og Mammon også. Kva menneske tenkjer om deg og vala du gjer er heilt avhengig av kva menneske du spør, kva tradisjon det menneske kjem frå og kva erfaringar det menneske ber på. Du vil aldri kunne gjer alle til lags.

Men med Gud er det annleis. Guds tankar om deg skiftar ikkje etter veir og vind. Guds tankar om deg og meg og Guds kjærleik til deg og meg står alltid fast, uansett. Difor er det og trygt å følgje og tene han i kampen for det gode. For i Guds følgje er dette den magnetiske nordpol. At det gode skal vinne over det vonde. At lyset skal vinne over mørkret. At kjærleiken skal vinne over hat og frykt.

Er du med i kampen?