Sommarprat med Kirsti Øy Driveklepp

"Eg har alt bada i Standalvatnet"

Bur i Follestaddalen, er seksjonsleiar skule i Ørsta kommune, er gift med Erling, og har tre born og ni barneborn.
Nyheiter

Bur: Follestaddalen.

Yrke: Seksjonsleiar skule i Ørsta kommune.

Sivil status: Gift med Erling, og har tre born og ni barneborn.

Korleis startar dagen din?

Eg vil helst ha god tid om morgonen og er glad eg har fleksitid på arbeid. I ferien likar eg langsame frukostar med kaffi og gjerne ei avis eller anna lesestoff. Eg må forresten innrømme at eg verkeleg saknar Møre-Nytt på laurdagar.