Sommarsalat med klippfisk og fersken

KLIPPFISK: Sommarsalat med klippfisk og fersken. Foto: Alf Børjesson, Norges Sjømatråd 

På ein varm sommardag smakar det godt salat, og ekstra godt er det når hovudingrediensane er klippfisk saman fersken og toppa med ost og oliven

Nyheiter

Mange ønsker å ete enkelt, lett og frisk mat om sommaren, då er salat kombinert med sjømat proppfull av næring ei veldig fin brikke for å få eit variert kosthald.

Helgas salat består av mellom anna klippfisk og fersken og det er ein super kombinasjon.

Fersken kjem originalt frå Kina og er «tvillingen» til nektarin, men er også i familien med både plomme, mandlar og aprikos. Fersken er saftige, søte og fruktkjøtet nærmast smeltar på tunga. Ikkje skrell fersken, for det er mykje kostfiber i skalet. Søt fersken er ei umerka kontrast til salt klippfisk.

På ein varm sommardag smakar det godt salat, og ekstra godt er det når hovudingrediensane er klippfisk saman fersken og toppa med ost og oliven.

Denne salaten er sunn og rask å lage, og den kan også vere godt tilbehøyr på tapasbordet. Ha ein framleis god sommar!

Ingrediensar

500 g utvatna og reinska klippfisk

200 g ruccolasalat

4 heile fersken

150 g ost

10 svarte oliven

frisk basilikum

2 ss olivenolje

2 ts. balsamicoeddik

pepar

brød

Framgangsmåte

Skjer klippfisk i bitar og kok i vatn i ca. 4 minutt. Slå av kokevatnet og flak klippfisken. Skyl salaten og la renne godt av og legg på fat. Skjer fersken og ost i terningar. Legg klippfisk, fersken, oliven og ost over salaten. Bland olivenolje og balsamicoeddik, og drypp over salaten. Kvern pepar og dryss finhakka basilikum over til slutt.

Server salaten med brød ved sida av.