Snikk-snakk

Første golvvasken på Urke

Skjalg Longva skriv om reinhald i helgespalta denne gongen

Skjalg Longva har si eiga spalte i Møre-Nytt.  Foto: Svein Aam

”Reint ska da vera, sa kjerringa då ho vaska såpa»

Jan Spurkeland: «Ivar Medaas - gjøglar og felespelar, Genesis 2000
Nyheiter

Anna O. Hustadvik tente i prestegarden på Sæbø. Der lærte ho ein ny og framand skikk: å vaske golva. I 1867 gifte Anna seg med Hans J. Leira som åtte og dreiv Nilsagarden på Indre-Urke. Ei tid etter bryllaupet skulle det vere auksjon på garden. Dagen før auksjonen sette Anna i gang med ein skikkeleg golvvask. «Nye folk, nye skikkje’», kommenterte kårmannen Knut Urke tørt. Dette var første gongen det vart vaska golv på Urke, fortel kultursoga for Hjørundfjord.