Ørsta kino held ope heile sommaren

Den franske komedien "Hvordan bli en god kone", er ein av filmane på Ørsta Kino i sommar.  Foto: Innsendt

Nyheiter

Filmtilbodet er noko mindre enn tidlegare år, sidan mange av filmane som skulle kome til sommaren har blitt utsett pga covid-19.

-Men nokre nye filmar er lansert på kino, og vi kan derfor gi deg eit kinotilbod på torsdagar, fredagar og søndagar i heile sommar, seier Janne M. G. Skarstein ved Ørsta Kulturhus.

- I løpet av hausten håper vi å ha meir film å by på, og då vil vi også prøve å tilby fleire dagar med kinotilbod enn dei tre dagane per veke vi har per no, seier Skarstein i ei pressemelding.

På plakaten

I sommar kan du sjå filmar som Knerten og sjøormen, den franske filmperla av ein varm komedie Hvordan bli en god kone, skrekk og gru i filmen The Rental, nervepirrande thriller får du i filmen Unhinged, Prinsesse i røde sko er god underhaldning for barn og Sangklubben passar for alle vaksne - også dei som ikkje syng i kor...

Brannmann Sam dukkar også opp snart, og fleire andre titlar er også på sommarprogrammet.

- Vi har god kontroll på smittevern, og som elles i samfunnet bed vi dei som er sjuke om å halde seg heime, seier Janne M.G. Skarstein.