Rekordlange ventelister på høgskulen

450 på venteliste berre på sosialfag.

Høgskulen i Volda.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Hovudopptaket til høgare utdanning ved universitet og høgskular er klart. Stor konkurranse om studieplassane og høgare poengsnitt for å kome inn på ei rekkje studium vart resultatet av dei høge søkartala til Høgskulen i Volda, heiter det på Høgskulen i Volda sine heimesider.

Alle som har søkt studieplass i årets Samordna opptak har no fått handsama søknadene sine. Også i år er det ventelister på populære studium ved Høgskulen i Volda, og i år er dei rekordlange!

- Dette gjeld særskilt sosialfaga. Der står over 450 på venteliste for å få plass, fortel studiedirektør Gonnie Smit til høgskulen sine heimesider.

Den auka konkurransen gjer at også kravet for å kome inn vert tøffare. Både for dei som vil studere til å bli barnevernspedagogar og sosionomar er poenggrensene for å kome gjennom nålauget høgare.

- Også friluftsliv årsstudium har «tradisjonen tru» stor konkurranse om plassane, seier studiedirektør Smit.

Høgare poengkrav for alle mediefaga

HVO hadde oppgang i søkjartala for fjerde år på rad denne våren, og mediefaga var av dei som auka mest. Også her er det lengre ventelister enn i fjor, og poenggrensene har gått opp for samtlige studium.

Medan landet for øvrig opplevde nedgang i søkarar til lærarutdanningane, gjekk Høgskulen i Volda i motsett retning. Studiedirektøren fortel om stabile opptakstal til barnehage- og grunnskulelærarutdanningane.

- Totalt har vi gitt om lag 100 fleire studietilbod i Samordna opptak til studium ved HVO enn i 2019, seier Gonnie Smit.