Avlyser lang olsoktradisjon

Redusert sommaraktivitet i Brudavolltunet

Brudavolltunet i eit normalår.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Kvart år sidan 1980-talet har bygdemuseumslaget, i samarbeid med Ørsta kyrkje, skipa til olsokstemne på Brudavollen. Men ikkje i år.

- Nei, denne tradisjonen har vi i år sett oss nøydde til å bryte, seier Harald Krøvel i Ørsta bygdemuseumslag.

- Årsaka er restriksjonane som er innført i samband med korona-epidemien og den allmenne uvissa ved smittesituasjonen. Det vert heller ikkje tilbod om søndagsgraut i sommar, slik det har vore vanleg tidlegare år.

Men Krøvel og dei andre i bygdemuseumslaget håpar å kunne byde inn til tilstellingar i haust, dersom smittesituasjonen tillet det. I så fall kan det verte aktuelt å arrangere gardsvandring og grautasøndag.