Naturfestivalen

Byr på tur til Rønneberghola

Naturfestivalen er i gang, og laurdag vert det rur på Rjånes

Rjåneskamben er ein fint utkikspunkt  Foto: Runa Bakke

Nyheiter

Det er Liadalsbygda Kulturlag som arrangerer turen, som går til krigsminnet Rønneberghola og vidare til Rjåneskamben.



- I år er det 75 år sidan krigen slutta. Då passar det godt at Liadalsbygda kulturlag laurdag 25.juli markerer dette med tur til Rønneberghola- no i Naturfestivalveka. Rønneberghola er eitt av mange krigsminner i Ørsta Kommune. Turen dit er forholdsvis kort- der ein kan gå vidare til Rjåneskamben om ein ynskjer det, skriv Kulturlaget i ei pressemelding.

Knut Halse blir med som kjentmann og turleiar. Også Ove Røv med sin kunnskap om Kompani Linge og motstandsarbeidet i Ørsta vil vere på Rjånessenteret etter turen