Sommarliv på Urke camping

«Hit skal vi tilbake!»

- Urke og Hjørundfjorden er fantastisk. Hit skal vi tilbake!

Fjellvandrarar på Urke camping. Sittande ved bordet Trine Skumsrud og Lise Sværi. Bak f.v.: Max Gythfeldt, Tor Eivind Rugseth, Ann Kristin Thømt og Mariam Kringen Molnar.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det seier ein venegjeng frå Austlandet, som vi prata med fredag morgon på Urke camping. Og campingplassen var full av folk, i både hyttene, telt og bubilar. Ja, eit par hadde til og med campa i stasjonsvogna like utanfor Urke kraftverk. Uvisst om det var fordi campingplassen var full, eller om dei berre ville spare seg nokre kroner…