Minnemarkering av 22. juli i Laguneparken

22. juli-minnesmerket i Laguneparken.  Foto: Møre-Nytt

Nyheiter

Ørsta kommune vil ha ei enkel markering med blomenedlegging ved minnemerket i Laguneparken onsdag føremiddag 22. juli, melder kommunen på sine heimesider.

– Ni år har gått sidan Noreg vart ramma av terror i Regjeringskvartalet og på Utøya. Vi minnast alle dei 77 menneska som miste livet. Det er framleis viktig å stå saman og kvar dag arbeide for ytringsfridom, likskap, fellesskap og menneskerettar. Velkomen til minnemarkering, skriv kommunen.