Gir banklån til elsykkel

- Er kostbart, men det er ei lønsam investering

Stadig fleire kjøper elektrisk sykkel  Foto: SpareBank1 Søre Sunnmøre

Nyheiter

Elsykkel er i vinden som aldri før, og no gir SpareBank1 Søre Sunnmøre lån til dei som vil investere i ein slik sykkel..

– For å oppfordre kundar til ein meir berekraftig livsstil, tilbyr SpareBank 1 Søre Sunnmøre som første bank lån til elsykkel, skriv banken i ei pressemelding.

– Gode elsyklar er ofte kostbart, men det er ei lønsam investering på sikt, seier Andre Skotheim, leiar for privatmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og legg til:

– Fordi ein elsykkel gjer det enkelt å bytte ut bilen og kollektivtransporten på dei daglege reisene, sparer du fort pengar på investeringa. I dei fleste tilfelle vil du ha nedbetalt kjøpesummen i løpet av eit år om du til dømes byter frå bil til elsykkel, fortel Skotheim.

Ein god elsykkel kostar 20.000-30.000 kroner.

– Dersom du tek opp 20.000 kroner i lån vil elsykkelen koste deg under 700 kroner i månaden. Når det kostar over 5 kroner per/km å køyre bil vil ein fort spare mykje pengar ved å bytte ut bilen med ein elsykkel, skriv SpareBank1 Søre Sunnmøre i pressemeldinga.