Førebur eit nytt og annleis skuleår

– Det vert eit skuleår der vi må sjå alt an grunna korona

115 elevar har takka ja til skuleplass på Møre folkehøgskule til hausten. Rektor Einar Opsvik for-sikrar om at dei har ein god plan for smittevern.

Spent: Rektor Einar Ospvik ved Møre folkehøgskule ser fram til eit nytt skuleår, men er spent på korleis koronapandemien utviklar seg. 

Nyheiter

– Elevane kjem frå heile landet, og vi kan ikkje risikere at dei tek med seg smitte til lokalsamfunnet eller at dei smittar kvarandre, så difor har vi ein plan om å sluse elevane inn på skulen puljevis, seier Opsvik.