Koronafaren er ikkje over

For fulle bussar

Enkelte bussar har vore stappfulle.  Foto: FRAM

Nyheiter

For ein månad sidan opna FRAM for at bussane igjen kunne køyre med full kapasitet. No viser det seg at dei har køyrt med litt FOR full kapasitet.

I alle fall har dei fått tilbakemelding på at enkelte avgangar har vore for fulle. Særleg gjeld det nokre bybuss-avgangar, der passasjerar har måtta nytte seg av ståplass, så fullt har der vore. Også nokre langruter har hatt «stinn brakke».

No har FRAM bestemt at berre sitjeplassar skal brukast. Den fremste seterada er framleis stengd.

På langruter vil alle sitteplassar kunne brukast, med unntak av dei fremste seta som er avsperra.

FRAM ber alle passasjerar om å ta omsyn til sine medreisande, slik at det blir trygt å reise sjølv om alle sete er i bruk.

Desse retningslinjene gjeld framleis:

Ikkje reis kollektivt om du er sjuk, kan vere smitta eller er i ei risikogruppe.

Hald ein meter avstand til andre reisande når du ventar på buss eller hurtigbåt.

Vent med å gå om bord til alle har komme seg ut.

Unngå unødvendig fysisk kontakt.

Ha god hygiene, bruk armkroken eller papir om du må hoste eller nyse.