Svært alvorleg for flyplassen

"Deadline for å ta grep for Ørsta-Volda lufthamn"

Alle tal peikar feil veg for Ørsta-Volda lufthamn. Odd Magne Vinjevoll understrekar at det no verkeleg hastar med å ta grep.  Foto: Roy Arne Folkestad

Nyheiter

- Kommersialiseringa av kortbanenettet i Norge vart ein fiasko. Det må takast grep umiddelbart for flytilbodet ved Ørsta-Volda lufthamn Hovden.

Det skriv Odd Magne Vinjevoll i eit brev til Finansdepartentet, Samferdsledepartementet og Stortinget. Sjefen for Ørsta Næringskontor er sekretær i Utviklingsforum Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Og han skildrar ein svært alvorleg situasjon for flyplassen.

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden miste i 2016 alt statleg tilskot på alle Oslo-ruter (dei såkalla FOT-rutene). Grunngjevinga var at Oslo-rutene hadde for mange passasjerar til å få slikt tilskot. Næringslivet åtvara straks om at dette ville føre til endra rammevilkår og tap av konkurransekraft. Og har fått rett.

Dystre tal

- Kommersialiseringa frå 2016 har ført til kutt i rutetilbodet ved Hovden, høgare billettprisar, ubalanse i rutetilbodet og dårlegare rammevilkår for næringslivet. Vidare har dei statlege flyavgiftene siste åra auka med 73%, rutetilbodet er redusert med 50%, prisane har auka med 40% og passasjertalet er redusert med 20%. Widerøe seier at det ikkje lenger er rekneskapsmessig forsvarleg å trafikkere denne ruta.

Dette har skjedd trass i at Ørsta/Volda lufthamn har vore blant dei leiande flyplassane i kortbanenettet i Norge, hatt den høgste fyllingsgrada, den beste utnyttinga av flymaterialet og lågaste miljøavtrykk pr reisande.

Samtidig som tilbodet ved Ørsta-Volda lufthamn er i ferd med å forvitre, vil staten bygge nye flyplassar. Eit stort paradoks, meiner Vinjevoll.

No hastar det!

Og meiner det hastar sterkt med å ta tak i situasjonen ved Hovden.

- Anten får ein gjeninnføre FOT-rutene, som er tekne bort frå dei nasjonale konsesjons-tildelingane, eller så må ein sjå på ein kombinasjon av statsstøtta ruter og kommersielle ruter basert på marknad og kundegrunnlag i flyplassen sitt nedslagsfelt.

Vinjevoll meiner tre direkte FOT-ruter (altså med statstilskot) i kombinasjon med tre direkte kommersielle ruter til Oslo ved Hovden lufthamn, ville gje eit fornuftig ruteopplegg.

Ved ein kombinasjon vil ein oppretthalde ein balanse i flytilbod for ut/inn trafikk, opne for kommersialisering på ruter som gir forretningsmessig grunnlag, og oppretthalde eit akseptabelt kortbanetilbod i regionen for Ørsta-Volda lufthamn Hovden.


Næringssjef og sekretær i Utviklingsforum Hovden lufthamn, Odd Magne Vinjevoll, i samtale med rutesjef Jørgen Nergård og kommersiell sjef i Widerøes, Christian Skaug. Trass smila varsla Nergård og Skaug allereie då at det var heilt naudsynt med større inntening på flyplassen.  Foto: Svein Nordal

Toppår rett før kommersialiseringa

Ørsta-Volda lufthamn vart for nokre år sidan kåra til årets flyplass, og nådde toppen i 2015 med eit passasjertal på 121.000. Året etter kom kommersialiseringa.

Dagens situasjon er kritisk for trafikken over Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Avgiftssystemet som kortbanenettet no er råka av, gjer det umogleg å få lønsemd sjølv med fulle fly. Politiske nachspiel-avgifter som har vore vedteke år for år, har ramma kortbanenettet mykje hardare enn den nasjonale/internasjonale flyginga, skjenner Vinjevoll.

Superoptimist tok feil

Som viser til dåverande samferdsleminister Kjetil Solvik-Olsen sine optimistiske ord då kommersialiseringa vart innført for fire år sidan:

«Med bakgrunn i det høye trafikknivået, kravene i regelverket og forventet flytilbud ved overgang til kommersiell drift mener jeg at det ikke lenger er grunnlag for fortsatt statlig kjøp på ruten mellom Ørsta-Volda og Oslo, og at det også etter 1. april 2016 vil være et godt og markedstilpasset flytilbud på denne ruten.»

- Ja, det sa han. Men det verste har skjedd, og tilbodet er i ferd med å bli rasert, seier Vinjevoll.