Hjortetragedie ved flyplassen

Robert Storevik i Volda og Ørste ettersøksring tar seg av påkøyrd hjort på E39 ved Flyplassen i Hovdebygda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

To hjortar var i løpet av natt til onsdag påkøyrde ved flyplassen i Ørsta. Onsdag morgon måtte Robert Storevik i Volda og Ørsta ettersøksring ta seg av dei to døde dyra.

– Ein litt uvanleg plass for hjortepåkøyrsle, meinte Storevik.

Hjortar er ein vanleg syn i Furene og ved Ekset, men desse dyra vart påkøyrde midt på Hovdestripa. Det såg ut til å vere to koller.

– Heldigvis har det ikkje vore så mange slike oppdrag i det siste, seier Robert Storevik.