– Må ta meir omsyn til støy i Ørsta sentrum

Miljødepartementet pålegg Ørsta kommune å gjere betre vurderingar av støyforholda i Ørsta sentrum. Dette kan forseinke planlagde utbyggingar i sentrum.

Ørsta sentrum.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Saka gjeld områdereguleringa for Ørsta sentrum, også kalla sentrumsplanen. Dette planarbeidet skal leggje til rette for vidare utvikling av Ørsta sentrum, der det er fleire store prosjekt under planlegging.

Eit overordna mål har vore å legge til rette både for forretningsutvikling og for fleire bustader. Ørsta kommune ønskjer at det i størst mogleg grad skal vere mogleg å gå direkte frå områderegulering til byggesak, altså ein forenkla prosess.

Fylkesmannen har hatt innvendingar, først og fremst knytt til at det ikkje har vore teikna inn omsynssone for støy i plankartet. Kommunen gjorde endringar, men fylkesmannen meinte det ikkje var nok.

Dermed har saka enda i Klima- og miljødepartementet, som støttar fylkesmannen sitt syn.

– Det er ikkje tatt nok omsyn til støy i områdeplanen, konkluderer departementet.

I vurderinga er det lagt vekt på at støy er eit miljøproblem som råkar mange menneske, som bidreg til redusert velvære og mistrivnad og påverkar helsetilstanden til folk negativt.

– Rett arealbruk er sannsynlegvis det mest kostnadseffektive førebyggingstiltaket mot støy, skriv departementet.

Kjernen i saka er i kor stor grad det kan byggjast bustader i «raud støysone» og «gul støysone» utan detaljregulering.

– Klima- og miljødepartementet er samd i at det å opne for bustader innanfor raud og gul støysone er eit strategisk grep i sentrumsutviklinga. Departementet meiner likevel at dette medfører at ein må sikre tilstrekkeleg detaljert planlegging for å vareta gode støyforhold, står det i eit brev til Ørsta kommune, frå Kommunaldepartementet.

Dermed må det gjerast «støyfaglege utgreiingar.»

Det betyr at miljøstyresmaktene ikkje høyrer på argumenta frå Ørsta kommune, som fryktar at detaljregulering vert er tidkrevjande.

– Klima og miljødepartementet meiner at det må gjerast ei støyfagleg utgreiing på reguleringsplannivå. Dette vert kravd etter støyretningslinene, og er naudsynt for å oppnå gode buforhold i Ørsta sentrum, står det i svarbrevet til kommunen.