Vart angripen på jobb

– Hadde han stukke stjerneskrujarnet ein millimeter djupare inn i hovudet mitt ville eg ha vore død

– Ein millimeter djupare, eller ørlite til sida – og eg ville ha vore død, multihandikappa eller hjerneskadd no.

Adel Dabbas vart skadd på arbeid i rus- og psykiatri-tenesta i Volda kommune.  Foto: Svein Nordal

Eg er ikkje sint eller bitter for det som har skjedd. Ikkje på han som gjorde ugjerninga heller, for han er svært sjuk. Men han bør ikkje kome tilbake til ein kommunal bustad

Adel Dabbas
Nyheiter

Det seier Adel Dabbas (44), som søndag 7. juni var på jobb for rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune då han brått vart angripen av ein klient i ein kommunal omsorgsbustad. Adel Dabbas vil fortelje om det som skjedde for å setje søkjelyset på at enkelte klientar er for sjuke og farlege til å vere på opne, kommunale bustader.