Maja-saka

Politiet takkar hjelpemannskapa

Søk i fjellsida i Nivane, etter funn av leivningar, tidlegare i juni.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Politiet stadfestar i ei pressemelding at dei no har funne Maja Justyna Herner (25) frå Polen, som forsvann
21. november 2018 oppe i fjellterrenget ovanfor Ørsta sentrum.

– DNA-analysen viste sikker identitet, opplyser politiet.

Møre og Romsdal politidistrikt rettar ein stor takk til alle som så langt har hjelpt til undervegs i leitinga.

Leiting, september 2019. Eit fullt lag Ørsta Røde Kors Hjelpekorps på veg opp i leiteområdet i Skåla.  Foto: Svein Aam

– Ein stor takk går til alle som på ulike vis har ytt bistand undervegs med mål om å finne den sakna. Spesielt går det ein takk til dei lokale hjelpemannskapa som gong etter gong har vore oppe i det krevjande terrenget og til andre frivillige som på ymse vis har vore med i søksarbeidet som har strekt seg over så lang tid, står det i pressemeldinga frå politiet.